Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Erasmus+

Erasmus+ gir deg blant annet muligheten til å ta deler av utdanningen din i utlandet. Les mer om skolens Erasmus+ prosjekt.

 

 

Erasmus+

 

Prosjekt fullført

surfere på strand - Klikk for stort bildesurfere på strand Valdres vidaregåande skule Vin i hylle - Klikk for stort bildeVin i hylle Valdres vidaregåande skule

Prosjektet Entrepreneurship and economic growth on the basis of cultural and natural resources er no avslutta, og med det har Valdres vidaregåande skule fullført sitt fyrste strategiske partnerskap i regi av Erasmus+.

Oppstart i 2015

Prosjektet starta i 2015, etter at skulen hadde kome i kontakt med den spanske skulen IES Fuerte de Cortadura i Cádiz i Spania. Valdres og Andalucía er to ulike regionar når det gjeld folketal, klima og geografi. Men likheitene finst også: I begge regionane er turismen ei viktig næring, begge regionane har sterk kultur og store naturressursar. I tillegg har både Spania og Noreg eit behov for å utvikle kunnskapar innan entreprenørskap, for å betre dagens arbeidsløyse i Spania og skape framtidas arbeidsplassar i Noreg etter oljealderen.

Natur og kultur som ressurs


Natur- og kulturbaserte næringar skilde seg ut som vekstpotensiale i begge regionane. Prosjektet har difor gått ut på å utvikle kunnskap i begge skulane på dette området. Valdres vidaregåande skule har hatt entreprenørskap som fag i fleire år, men med dette prosjektet kunne ein gå i djupna på å studere det lokale næringslivet, finne suksessfaktorar og tenkje vidare utvikling. Det å studere incentiva for etablering i Spania og Noreg har også vore eit viktig aspekt. Ved å samtidig studere det same i eit anna land, med andre føresetnader, har lærarar og elevar fått nyttige perspektiv og djupnekunnskap.

 

Elevutveksling


Hovudaktiviteten i prosjektet har vore elevutveksling mellom skulane. I mars 2016 besøkte 7 elevar frå Cádiz Valdres. På programmet sto bl.a. innovasjonscamp med norske elevar (tema var å lage ein reklamefilm for Valdres), fleire bedriftsbesøk hjå ma. Frikar, Vinjerock og Noraker, besøk i Valdres Næringshage, hjå Innovasjon Noreg, og ikkje minst deltaking på Fylkesmessa for ungdomsbedrifter på Lillehammer. Vinteraktivitetar som aking, langrenn og hundekøyring sto også på programmet. Dei spanske lærarane rapporterte om svært entusiastiske elevar som lærte mykje! Minst ein av elevane endra også studieplanane sine etter opphaldet og studerer i år i Brussel.

I 2017 besøkte 8 norske elevar Cádiz. Dei 10 dagane baud blant anna på samvær med elevane på skulen, bedriftsbesøk, besøk hjå lokale styresmakter og næringsaktørar. Kulturelle aktivitetar som surfing, flamenco og paella-kurs. På bloggen http://eneg.blogg.no kan du lese detaljert om elevane sine opplevingar i den spanske byen ved Atlanterhavet.

Resultat


Prosjektet har gitt mange og nyttige resultat, både handfaste produkt og kunnskapsutvikling, individuelt og kollektivt:

  • Reiseguide og ordbok på spansk/ norsk. Spansk 2-klassen jobba fram dette produktet som eit direkte resultat av kontakten med den spanske skulen.
  • Innovasjonscampen i Norge resulterte i reklamefilmar for Valdres, medan dei norske elevane laga reklamefilm for Spania.
  • Den før omtala bloggen viser læringsutbytet frå opphaldet i Spania.
  • Auka kunnskapar og ferdigheiter innan entreprenørskap, både for elevar og lærarar.
  • Ved den spanske skulen førte prosjektet til at dei oppretta entreprenørskap som fag.
  • Utveksling av god praksis ved den spanske og norske skulen. For dei spanske lærarane var for eksempel innovasjonscamp ein ny måte å arbeide på. Fylkesmessa for ungdomsbedrifter imponerte også.
  • Både den spanske skulen og Valdres vgs. har knytt nærare kontakt med lokale næringsaktørar- og myndigheiter.
  • Etablering av nettverk for både elevar og lærarar.
  • Kulturell kunnskap og forståing.
  • Språkleg utvikling. Dei norske studentane lærte meir spansk, medan dei spanske lærte meir engelsk.
  • Kunnskap om prosjektjobbing.

 

Les mer om Erasmus+

Sist oppdatert 27.10.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering