Lån og stipend

Alle elevar i vidaregåande skule kan søke om lån og stipend i Statens lånekasse for utdanning. Lånekassa avgjer om du er gyldig søkar. 

Les meir om lån og stipend på Lånekassa sine nettsider

Utstyrsstipend

Utstyrsstipendet skal bidra til å dekke skulemateriell, som til dømes leige av PC, kjøp av bøker eller kokkeklede. Utstyrsstipendet avheng ikkje av kor mykje foreldra dine tener.

Stipend skal ikkje betalast tilbake

Stipend er ikkje det same som studielån. Stipend er pengar du får som du ikkje må betale tilbake.

Unntaket er viss du får utbetalt meir stipend enn du har rett til – da må du betale tilbake det du har fått for mykje. Det kan til dømes skje dersom du sluttar midt i skuleåret. 

Du får utstyrsstipend etter programområde

Utstyrsstipendet blir tildelt etter programområde. Kor mykje utstyrsstipend du får, avhenger derfor av kva for eit programområde du tar.

Sjekk kor mykje du får i stipend på ditt programområde

Søknadsfrist for utstyrsstipend

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, men du må søke om stipendet innan fristane.

  • 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret