Ung i Valdres

Ung i Valdres har base på Valdres vidaregåande skule, og har som mål å gje ungdom mellom 15 og 21 år eit variert aktivitetstilbod innen friluftsliv og kultur.

Aktivitetar som gjer mestring og tilhørigheit

Ung i Valdres er eit samarbeid mellom Valdres Natur- og Kulturpark og Innlandet fylkeskommune. 

Grunntanken til Ung i Valdres er at kvar ungdom er ein ressurs og skal ha følelsen av å mestre ting og lykkast. Samtidig vil vi gje ungdommane tryggheit og tilhørigheit. Ut frå dette har Ung i Valdres gjennom fleire år satt i gang mange populære aktivitetar. Du kan også bli med!

Musikal

Musikaloppsetninga har heile tida vore ein viktig del av verksomheita til Ung i Valdres. Kvart år er en stor del av elevane ved skulen med i framsyninga som skodespelar, teknikere, maskørar, band, sang, scenearbeidarar, PR-ansvarlege med meir.

Musikkrom

”Bandhuset” er å finne ved stabburet på skulen.

Der kan de øve når de sjølv vil, og/eller få undervisning av ein instruktør heilt gratis. Rommet står til disposisjon både i fritimar og på kveldstid.

Dersom nokon har andre spørsmål om bandrom, bandundervisning eller undervisning i enkeltinstrument er det berre å ta kontakt med Ørnulf. Vi håpar at så mange som mogleg vil bruke bandrommet!

Heim for ein femtilapp

Trygt heim for ein femtilapp er ei ordning for deg som er ung, og som ynskjer å ta taxi eller buss heim etter arrangement på kveldstid. Trygt, billig, og ikkje minst lurt – du slepp nemlig å bruke eigen bil eller sitte på med andre for å kome deg heim frå ulike arrangement!

Tilbodet har som mål å virke forebyggande med tanke på rus, vold og trafikksikkerheit.

For å nå målgruppa 16-20 år brukast heimtransportordninga i forbindelse med arrangement for ungdomsgruppa — skolefestar og liknande.

Ung i Valdres og elevrådet administrerar ”Heim for ein femtilapp” i Valdres.

Treng du/dere transport i forbindelse med eit arrangement, ta kontakt med Ørnulf: 958 16 263,  i god tid før arrangementet.

Frukost                                    

Alle kvardagar mellom 7.30 og 8.00 serverast rykande varm havregraut, kaffe og knekkebrød til alle som vil ha i kantina.

Nærmiljøanlegg

På og i nærheiten av skulen ligg det mange moglegheiter for å utfolde seg i oppsatte anlegg: skileik, volleyball, utesjakk, basket, huske, lavvo, hytte, gapahuk og klatrevegg.

Nye aktivitetar

Forslag til nye aktivitetar er det flott om ungdomane kan koma med! Det er påmelding og interesse for aktivitetane som bestem kva vi sett i gang. Ta kontakt med oss på kontoret, på SMS, Instagram eller på vår Facebookside.