Tobakksfri skule

Skulen skal bidra til god helse og å førebygge sjukdom. Tobakksfri skulekvardag er eitt av tiltaka.

Ikkje lov å røyke eller snuse

Heile skuleområdet – både inne og ute – skal vere fritt for røyk og bruk av snus heile døgnet, heile året.

Forbodet gjeld også elektroniske sigarettar og tobakksfrie variantar av snus.

Tobakksfri skulekvardag gjeld alt som har med skuletida å gjere, også ekskursjonar.

Ingen rusmiddel i skuletida

Det er også forbode å nytte eller vere påverka av alkohol, narkotiske stoff og andre rusmiddel i skuletida.

Det er heller ikkje lov å oppbevare rusmiddel i skulen sine bygningar, på skulen sitt område eller i lokale som skulen leige.

Til toppen