Erasmus+

Erasmus+ er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett for perioden 2014–2020.

Programmet er retta mot alle utdanningsnivå.

Noreg er ikkje medlem av EU, men vi er ein del av EØS-avtalen. Dette gjer at Noreg kan ta del i EU sitt program og få økonomisk støtte der. Erasmus+ programmet for opplæring er eitt av fire program innan livslang læring.

Praksisplass i utlandet

Erasmus+ gir eit løft til utdanninga gjennom at elevar/lærlingar får opphalde seg i eit europeisk land i ein kortare eller lengre periode. I denne perioden får dei høve til å ha praksisplass i ei utanlandsk bedrift, dei får lære ein ny kultur og eit nytt språk, og dei får ei erfaring for livet som er viktig både for personleg utvikling og arbeidsmoglegheiter vidare.

Gjennom studiar, opplæring eller frivillig arbeid i andre land og deltaking i internasjonale ungdomsprosjekt, skal Erasmus+ bidra til at fleire unge opparbeider seg den kompetansen det er behov for i arbeidslivet. 

Økonomisk støtte

Utdanningsinstitusjonar, opplæringskontor og bedrifter kan søkje om støtte slik at elevar og lærlingar kan ta delar av utdanninga i utlandet.

Les meir på Internasjonalt servicekontor si nettside reisut.no

I Noreg er det Senter for internasjonalisering av høgare utdanning (SIU), som fordeler desse midlane. SIU er eit statleg forvaltningsorgan som ligg under Kunnskapsdepartementet.

Meir informasjon om Erasmus+

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)