Skulen si historie

Det som før vart kalla den "Høgre skulen" starta opp i Aurdal som "Nordre Aurdals middelskole" i 1884. Det vart verande middelskule i Aurdal heilt fram til våren 1975. Ny struktur i 1976 og nytt namn 1. januar 1979: Fagernes vidaregåande skule.

I 1909 vart kom det i gang jordbruksskurs for ungdom på Valdres folkehøgskule. I 1915 starta Valdres landbruksskole på garden Fere i Vestre Slidre.

Oppland fylkeskommune kjøpte garden Måno med 60 mål dyrka mark og 1700 mål skog, som skulegard for Valdres landbruksskole. Pris: 100 000 kroner. I 1920 var dokumenta i orden. Den gong var Måno utan hus, så det måtte byggjast. Tømmer til fjøs og låve vart hogd i eigen skog.

Driftsbygningen vart ferdig i 1922. Då kunne ein ha praksis på eigen gard. Leira bedehus hadde teorirom – kalde, slik at blekkhuset fraus om vinteren.

I 1926 vart Gulbygningen ferdig og teken i bruk som undervisningsbygg; festsal, klasserom, kontor, leiligheit til lærarar – og guteinternat på toppen. Husmora sørga for mat til gutane i kjellaren. (Kun gutar den gongen.)

Det vart tenkt på husmorskule alt då, men kom ikkje i gang. Vidare utbygging etter kvart; snekkerverkstad, smie, og hus til ulike husdyr.

Valdres husmorskule (1964) og Valdres yrkesskule (1965) starta i nye bygg og nytt frittståande internat. Desse tre skulane vart lagt under sama administrasjon i 1966 – Valdres Yrkesskule. Dette skapte store problem, for at den gamle jordbruksskula skulle vere ein avdeling under yrkesskula, var ikkje greitt for fleire Valdrisar. 

Våren 1968 var det slutt på landbruksopplæring i Valdres. Grunnkurs landbruk held fram på Valle, Lena. 1980 kom det nye namnet; Leira videregående skole.

Tilbake til Aurdal og Fagernes: Fyste gymnasklassa i Valdres starta ved realskula i Aurdal hausten 1962. Valdres gymnas på Fagernes vart innvigd i 1965. Etter kvart vart namnet endra til Fagernes vidaregåande skule (1978-79) og namnet me nyttar i dag – Valdres vidaregåande skule – fekk me på begge skuleanlegga på Fagernes og her på Leira i 1996. Hausten 2001 vart alt samlokalisert her på Måno.

Skuleåret 2019-20: Gulbygget blir driven av ei stifting, som har det som bygdehus – med swingklubb, juletrefestar m.m. Guteinternatet husar Karrieresenteret (bygg 8). Stølen og skogen har me den dag i dag – her me ligg, som reine Soria Moria Slott og skuar ut over handelsstaden Leira, fjorden og fjella!

For 100 år sidan kjøpte altså Oppland fylkeskommune garden Måno, og det er her skulen vår ligg den dag i dag! 2019 og 2020 er begge jubileumsår: No er det 100 år sia Måno vart kjøpt (1919) og dokumenta kom i orden (1920).