Om skulen

Valdres vidaregåande skule  

Skulen er ein av 23 vidaregåande skular i Innlandet. Det er Innlandet fylkeskommune som eig skulen. Målsetjinga er å førebu ungdom for yrke og samfunn og å hjelpe dei i personleg utvikling.

Skulen har om lag 460 elevar og om lag 110 tilsette fordelt på studieretningar for studiespesialisering, design og håndverk, idrettsfag, bygg- og anleggsteknikk, restaurant- og matfag, elektrofag, helse- og oppvekst samt teknikk og industriell produksjon. Kvar studieretning har fleire liner og fleire årstrinn.

Skulen driv og Ung i Valdres som tilrettelegg for kultur- og fritidsaktivitetar.

Til toppen