Inntak til Vg1 idrettsfag

Valdres vidaregåande skule innfører tilleggspoeng for dokumenterte ferdigheiter eller inntaksprøve for søkjarar til idrettsfag.

Klikk for stort bilete Mostphotos Ved inntak til Vg1 idrettsfag kan nokre av plassane bli tildelte på grunnlag av dokumenterte ferdigheiter eller inntaksprøve i tillegg til karakterpoeng.

Berre dei som har idrettsfag som førsteønske

Det er berre søkjarar som har Vg1 idrettsfag som sitt førsteønske som kan bli kalla inn til inntaksprøve eller bli bede om å dokumentera ferdigheitene sine.

Søkjarar som skulen på grunnlag av ferdigheit ønskjer å prioritera, blir gitt konkurransefortrinn.

Forskrift til opplæringslova § 6-11 og Forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Innlandet fylkeskommune § 12 regulerer inntak basert på inntaksprøve eller dokumenterte ferdigheiter.

Kva skal du gjere?

  1. Når du skal søkje på www.vigo.no kan alle søkjarar til  Vg1 idrettsfag haka av for inntaksprøve/dokumentasjon av ferdigheiter.
  2. Du skal så fylla ut eige vedleggsskjema som du sender direkte til skulen.

Kva gjer skulen?

Skulen vurderer og avklarer kva søkjarar som på grunnlag av dokumenterte ferdigheiter eller inntaksprøve skal ha tilleggspoeng. Dokumentasjonen av ferdigheiter må vera utskriven av idrettskrins, særforbund, klubb eller liknande.

Ved spørsmål ta kontakt med avdelingsleiar Cathrine Berger Myreng.