Opplæring under soning
Hvis du sonar i fengsel, har du den same retten til opplæring og utdanning som andre borgarar i Noreg.
Om skulen
Skulen held til i fleire bygningar på Slidreøya. Vi har teorirom, bibliotek, musikkrom og kjøkken med kantine. I verstadhallen er det verkstad og keramikkrom.
Bilde av Slidreøya
Valdres vidaregåande skule
Kva fag kan du ta?
Vi tilbyr opplæring i fellesfag til yrkesfag og generell studiekompetanse:
- Norsk
- Engelsk
- Matematikk
- Samfunnskunnskap
- Modul 1 i modulstrukturert opplæring
- Etter behov: programfag innan elektrofag, teknologi og industrifag, og restaurant og matfag
Du kan også få opplæring/kurs i:
- Restaurant- og matfag, grunnleggjande matlaging
- Bruk av digitale verktøy
- Kroppsøving
- Musikk
- Sveising (teknologi- og industrifag Vg1)
- Truckførerbevis
- Motorsag-kurs
- Keramikk-kurs
- Tegne-kurs
Kva kan du få hjelp til?
- Rettleiing til opplæring og karriererettleiing
- Hjelp til vidare søking
Mange som kjem til soning har lite skulegang og har ofte med seg ei vanskeleg skulehistorie. Vi jobbar for å tette utdanningshulla dine, og å byggje opp att ein god relasjon til skule og utdanning slik at du finn motivasjon til å gå vidare med dette.
Du får informasjon om skulen ved innsetjing. Skulen tek kontakt med alle nye innsette for å kartleggje behov for og ønske om kompetanse.
Ta kontakt med oss
Om det er noko du lurer på, så ta kontakt, gjerne før soning. Sjå kontaktinformasjon under.
Om fengselsundervisning
Opplæringstilbodet prioriterer rettselevar – det vil seie dei som har rett til grunnskule, eller som har ungdomsrett eller vaksenrett. Du får tilbod om kompetansegivande kurs. Der det er mogleg, blir det lagt til rette for høgare utdanning.
- Fylkeskommunen er fagleg og administrativt ansvarleg for utdanninga i fengsla.
- Den lokale vidaregåande skulen har det praktiske ansvaret for opplæringa.
- Statsforvaltaren i Vestland har det nasjonale ansvaret for all opplæring innan kriminalomsorga.
- Storhamar videregående skole har ansvaret for opplæringstilbodet for Kriminalomsorgen Innlandet avdeling Valdres.