Blokk A
|
Blokk B
|
Blokk C
|
Blokk D
|
R1 Matte
R2 Matte
|
Biologi 1 / 2
|
Kjemi 1
Kjemi 2
|
Fysikk 1
Fysikk 2
|
Historie og filosofi 1 / 2
|
Engelsk 1 / 2
|
Sosiologi
|
Rettslære 1/ 2
|
Mediefag 1 / 2
|
Entreprenørskap 1/ 2
|
Politikk og menneskerettar
|
Psykologi 1/ 2
|
|
Toppidrett 1/ 2
|
|
|
|
Framandspråk Tysk
|
|
|
- Faga i kvar av blokkene ligg samtidig på timeplanen. Du kan altså ikkje velje fleire fag i same blokk same år.
- Elevar i 3P og 2ID kan velje fag frå blokk A og B.
- Elevar i 3ID kan velje fag frå blokk B.
- Om eit fag blir sett i gang av avhengig av
- at det er nok søkarar
- at den økonomiske situasjonen tillet det.
Krav til gyldig fagkombinasjon
- Du skal velje tre fag kvart år. Dersom du skal ha R1-matte, må du ha tre fag i tillegg.
- To av faga skal høyre til same programområde, anten realfag eller språk-/ samfunnsfag
- Desse to faga må du ha fordjuping i, altså du må ha dei over to år.
- Du kan velje å ta alle fag innanfor det same programområdet.
OBS: tysk i blokk B
Har du ikkje hatt framandspråk på ungdomsskulen? Framandspråk tysk er obligatorisk på vg3 for elevar som ikkje har hatt framandspråk på ungdomsskulen. Dette går parallelt med andre programfag i blokk B. På Vg3 kan du difor ikkje planlegge at du skal ha andre fag i blokk B.
Å vere fulltidselev
Når ein er fulltidselev, kan ein i utgangspunktet ikkje slutte i eit fag for å ta det som privatist. Dersom det er «tungtvegande årsaker» kan ein søke om å bli deltidselev (Forskrift til Opplæringslova §6-5).
Fag med for mange søkarar
Dersom eit fag har for mange søkarar, må vi tilrettelegge det slik at dei elevane som treng faget for å oppnå fordjuping, har fortrinnsrett, mens andre elevar får tilbod dersom det er ledige plassar. Dersom to elevar står likt, vil karakterar avgjere kven som får plassen.
Merknad til realfaga
- Matematikk R1, Kjemi 1 og Fysikk 1 må takast før hv. Matematikk R2, Kjemi 2 og Fysikk 2.
- Biologi 1 og 2 kan takast i valfri rekkefølgje, og vi tilbyr faga annakvart år, slik at alle kan ha biologi som fordjupingsfag.
Realfagspoeng:
Du kan få maksimalt 4 ekstrapoeng dersom du vel realfag
Matematikk R1 = 0,5 poeng
Matematikk R2 = 1 poeng
Biologi 1 = 0,5 poeng
Biologi 2 = 0,5 poeng
Kjemi 1 = 0,5 poeng
Kjemi 2 = 0,5 poeng
Fysikk 1 = 0,5 poeng
Fysikk 2 = 1 poeng
Merknad til språk- og samfunnsfaga:
- Alle programfag innan språk- og samfunnsfag kan takast i valfri rekkefølgje.
- Dei fleste programfag blir tilbode annakvart år, slik at alle fag kan bli fordjupingsfag for den som ynskjer det.
- Eksempel:
- I 2023-2024 tilbyr vi Entreprenørskap 2. Året etter tilbyr vi Entreprenørskap 1.
- I 2023-2024 tilbyr vi Psykologi 1. Året etter tilbyr vi Psykologi 2.
- Sosiologi og Politikk og menneskerettar utgjer til saman eitt fordjupingsfag. Dei kan takast i valfri rekkefølgje. Planen er å tilby faga kvart år, men med forbehold om søkartal og økonomi.
Toppidrett/ Breiddeidrett
- Elevar på Studiespesialisering (ikkje Påbygg) kan velje Toppidrett dersom dei er kvalifiserte. Dette avgjer avdelingsleiarane på ST og ID. Faget er ikkje eit fordjupingsfag