Elevar lagar utstilling på museet

«Kven er eg» er namnet på ei utstilling som opnar i velkomstbygget på Valdres Folkemuseum 15. juni. 

Hådarbeid - Klikk for stort bilete Valdres vidaregåande skule Produkta skal syne det elevane har kome fram til etter at dei fekk oppdrag å finne ekko av sin eigen identitet ein stad i fortida.

Det nye i det gamle

- Vi ynskte å utfordre elevane til å reflektere over spørsmåla «Kven er du? Kva er din tradisjon? Korleis kan du knyte fortida saman med ditt eige liv?», fortel One Enerud som er publikumsansvarleg på museet og kurator for elev-utstillinga.

Frå klokka 12 onsdag blir elevarbeida å sjå i velkomstbygget på museet. Nærare bestemt i passasjen mellom museumsbutikken og Munkekroen. 

- Eg vil på vegne av oss ved Valdresmusea takke alle elevane for klokskap, kreativitet og arbeidsinnsats, seier Enerud.

«Ung i debatten»

Utstillingsarbeidet har bidratt til at både skuleelevane og museet har jobba på ny måtar. Ideen vart til som ein del av samarbeidsprosjektet «Ung i debatten», der formålet er å styrke samarbeidet mellom Valdresmusea og Valdres vidaregåande skule.

- Felles mål er å inspirere dei unge til å myndiggjera seg sjølv slik at dei er i stand til å påverke sin eigen livssituasjon, og samtidig bli aktive deltakarar i demokratiet, seier prosjektleiar Magni Kristin Moe Westgård.

Elevsamling museet - Klikk for stort bilete Valdres vidaregåande skule I løpet av skuleåret har over 200 elevar vore med på ulike aktivitetar knytt til prosjektet.

Til toppen