Elevundersøkinga 2022

Sei kva du meiner om læring og trivsel på skulen. Undersøkinga vert gjennomført før jul.

Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevane får seie meininga si om læring og trivsel i skulen. Svara blir brukt av skulen, kommunen og staten for å gjere skulen betre.

Gjennomførast i løpet av november/desember

Elevar i klasserommet - Klikk for stort bilete Mostphotos Så langt det lar seg gjere, blir elevundersøkinga gjennomført i november/desember månad for heile Innlandet fylkeskommune.

Det gjer vi for at resultata frå dei ulike skulene skal vere så samanliknbare som mogleg, og at elevane skal svare ut frå nokolunde likt perspektiv.

Du får nærmare beskjed om når klassa di skal gjennomføre undersøkinga.

For alle trinn

Undersøkinga er obligatorisk for alle skuler i Norge å gjennomføre på Vg1, men i Innlandet ønsker vi at alle trinn gjennomfører undersøkinga.

Kvifor har vi elevundersøking?

Skuler og statleg utdanningsadministrasjon ønsker å analysere og utvikle læringsmiljøet på skulane. Elevundersøkinga gir deg som elev moglegheit til å seie kva du meiner om læring og trivsel på skulen, slik at du kan bidra til utvikling.

Du kan finne resultat i Udir sin statistikkbank

Kva får du spørsmål om?

  • trivsel
  • motivasjon, arbeidsforhold og læring
  • heim-skule-samarbeid
  • støtte frå læraren
  • vurdering for læring
  • medverknad
  • reglar på skulen
  • trygt miljø
  • rådgiving

Korleis blir undersøkinga gjennomført?

Du gjennomfører undersøkinga på PC. Det er heilt anonymt, og du får ei tilfeldig kode du kan logge inn med.

Det er frivillig for elevar å delta. Du kan hoppe over spørsmål du ikkje ønsker å svare på.

Behandlingsansvar og personvern

Når du svarar på spørsmål i Elevundersøkinga, blir det lagra opplysningar om deg.

Utdanningsdirektoratet behandler informasjonen etter gjeldande personvernregelverk. Du oppgir ikkje namn eller personnummer til svara dine i Elevundersøkinga, og det vil vere svært vanskeleg å finne ut av kven som har svart kva i undersøkinga.

Har du spørsmål om personvernet i undersøkinga, kan du kontakte Utdanningsdirektoratet sitt personvernombud på e-post: personvernombud@udir.no

Klager

Om du er misfornøyd med Utdanningsdirektoratet si behandling av personopplysninger i samband med Elevundersøkinga, skal du kontakte Datatilsynet.

Du finner meir informasjon om korleis du kan klage på Datatilsynet si nettside

Har du spørsmål?

Kontakt skulen din om du lurer på noe.

Informasjon frå Utdanningsdirektoratet:

Informasjon til føresette om Elevundersøkinga 2022

Meir informasjon om Elevundersøkinga på www.udir.no