Studiespesialisering

Studiespesialisering er den naturlige vegen til generell studiekompetanse som du må ha for å studere ved høgskuler og universitet. 

Kven passar studiet for?

Studiespesialisering passar for deg som liker å arbeide med teoretiske fag. Du bør vere samarbeidsvillig, strukturert og sjølvdisiplinert. Du bør også vere interessert i kultur- og samfunnsforhold, og like å skrive eller rekne.

Kva lærer du? 

Du vel fordjuping innan:

Avhengig av fagvala dine, lærer du:

  • matematikk og andre realfag
  • leiing og økonomi
  • historie, politikk og psykologi
  • språk
  • andre teoretiske fag

Kvifor velje studiespesialisering?

  • Studiespesialisering gir eit breitt fagleg grunnlag.
  • Studiespesialisering gir generell studiekompetanse. Dette er inngangsbilletten til ei lang rekke studium ved universitet og høgskuler.  
  • Du blir godt fagleg førebudd til studium ved høgskuler og universitet, både i Noreg og utlandet. 
  • Du kan velje blant programfag innan realfag, språk, samfunnsfag og økonomi.
  • Du kan velje programfag som oppfyller spesielle opptakskrav ved inntak til høgskuler og universitet.

Eksempel på kva du kan bli:

  • sjukepleiar, lege eller veterinær
  • ingeniør, jurist eller økonom
  • lærar, psykolog eller journalist
  • arkitekt, produktdesignar eller kulturarbeidar

Har du spesielle framtidsdraumar, så sjekk nøye kva for fagkombinasjonar som krevst før du vel programområde og -fag.

Antal timar i fellesfag

Studiespesialisering – antal timar i fellesfag
FagVg1Vg2Vg3Totalt
Religion og etikk  33
Norsk44614
Matematikk53 8
Naturfag5  5
Engelsk5  5
Framandspråk44 8
Samfunnsfag3  3
Geografi2  2
Historie 246
Kroppsøving2226
Sum fellesfag30151560
Programfag0151530
Totalt30303090

Les meir om studiespesialisering på vilbli.no

Følg oss på Instagram

Slik søker du