Velkommen som elev ved Valdres vidaregåande skule!

Vi ønsker å gi deg høve til å lære og få kunnskapen du treng for å nå måla dine. Du skal gjere noko så enkelt, men også så vanskeleg, som å lære å lære – for resten av livet.

Velkommen til eit nytt skuleår!

Rektor Kari Elisabeth Rustad - Klikk for stort bileteRektor Kari Elisabeth RustadDet er viktig for deg og for oss på skulen at du fullfører opplæringa med best mogleg resultat. Vi arbeider heile tida med å utvikle læringsarbeidet, og vi treng deg med på laget.

Som elev i mange år veit du mykje om gode læreprosessar. Vi har dyktige lærarar som er opptatt av læringa og utviklinga di. De skal ha mange gode læringsøkter i lag.

Du tenker kanskje at skulen handlar mest om fag og kunnskap? Det gjer han – men han handlar også om andre ting som er viktige for deg som ungdom.

Det handlar om å utvikle seg i eit sosialt fellesskap, lære å delta og ta medansvar. Du skal erfare at du kan bidra og at stemma di betyr noko inn i læringsfellesskapet.

Tillit, respekt, vennlegheit og verdsetting

Ved Valdres vidaregåande skule skal eit godt skulemiljø vere kjenneteikna av tillit, respekt, vennlegheit og verdsetting mellom elevar, mellom tilsette, og mellom elevar og tilsette.

Vi ønsker at du som elev skal vere aktiv i elevrådet og i skulesamfunnet. Slik får vi ein skule som er levande og triveleg, der det er godt å lære – og godt å vere.

Heile året gjennom arrangerer vi ulike aktivitetar, både i og utanfor skuletida. Ung i Valdres er eit viktig stikkord i dette arbeidet.

Samarbeid med arbeids- og næringslivet

Samarbeid med arbeids- og næringslivet er viktig for læringa di og karrieren din. Du og medelevane dine skal få eit best mogleg tilbod om vidaregåande opplæring her ved Valdres vidaregåande skule. For å få det til samarbeider vi med lokalsamfunnet og arbeidslivet elles i Valdres og fylket.

Som elev på studieførebuande og yrkesfagleg utdanningsprogram vil du i opplæringa samarbeide med ressursmiljø og arbeidslivet utanfor skulen. Det kan vere fordi du er med og etablerer ei ungdomsbedrift eller fordi du er ute i praksis i arbeidslivet.

Ein praksisplass i ei bedrift kan føre til at du seinare får høve til å skrive lærekontrakt, men da må du ha vist at du er kvalifisert for dette. I denne samanhengen betyr det at du er lærevillig, løyser dei oppgåvene du får, at du er til å stole på, og at du møter opp til rett tid.

Handtere livet vidare

Valdres vidaregåande skule skal bety noko for deg. Du skal oppleve utvikling, bli klokare, få meir eventyrlyst, sjå moglegheitene saman med andre og aleine. Du skal bli godt kvalifisert for videre studium eller klar for å starte opp som lærling med fagbrev som resultat.

Og aller mest skal du få tru på at du skal kunne handtere livet vidare på ein god måte!

Velkommen til eit godt skuleår!

Kari Elisabet Rustad,
rektor