Idrettsfag

Er du glad i idrett og trening? Er du også interessert i idrettsteori og andre teoretiske fag som gjer studiekompetanse og moglegheit til å studere på høgere utdanning? Då kan idrettsfag være noko for deg!

Kven passar utdanninga for?

Idrettsfag passar for deg som er interessert i idrett, helse og fysisk aktivitet. Du vil ta del i varierande trening i tillegg til eventuell spesialtrening i din eigen idrett. Du må være glad i å trene og innstilt på å ha med treningsklede på skulen kvar dag.

Idrettsfag gjer grunnlag for trenerjobbar innanfor idretts- og friluftsliv, spesielt innanfor barneidrett. Du bør like å arbeide med barn og ungdom, og å væra ute.

Kva lærer du?

  • om fysisk aktivitet og trening
  • treningsleiing
  • om helse, kosthald og kroppens oppbygging
  • teoretiske fag

Du oppnår                               

  • studiekompetanse og kan ta høgere utdanning

Om du tek høgare utdanning, kan du blant anna bli:

  • fysioterapeut, idrettspsykolog eller personleg trenar
  • lærar, idrettskonsulent eller rådgjevar innan fysisk aktivitet og helse
  • leiar innan naturbasert friluftsliv og turisme
  • politi, befal eller offiser
  • Du kan også utdanne deg til andre yrker – med generell studiekompetanse kan du søke dei fleste studier ved høgskuler og universitet.

Eksempel på arbeidsstader:

  • skuler
  • treningssentre eller idrettsorganisasjonar
  • behandlingsinstitusjonar
  • militær- og politivesen

Les meir om idrettsfag på vilbli.no

Til toppen