Elevar i finalen i Skandinavisk språkkonkurranse

Elevar frå Vg1 studiespesialisering er kvalifisert til nasjonal finale i Skandinavias største språkkonkurranse.

Blant dei beste i landet

ILC elevar - Klikk for stort bileteILC elevar Valdres vidaregåande skule

ILC er Skandinavias største språkkonkurranse i språka tysk, fransk, spansk og engelsk med mange tusen elevar som deltar kvart år. 

Konkurransen kom til Noreg i 2019 og Valdres har utan unntak hamna på pallen kvart år sidan start. 

I år er det to Vg1-elevar som skal representere oss i kategorien spansk.

Best i pulja si i semifinalen

På Valdres vidaregåande skule er vi stolte over å  vere ein del av finalen for International Language competition (ILC). 

Her kan språkelskarane bryne seg på fleire kategoriar i skarp konkurranse med medelevar frå andre skular over heile landet. Valdres vidaregåande skule hamna på 3. plass i kvalifiseringsrunda på landsbasis, og vart best i pulja si under semifinalen. 

No er Margarita Steinsfjord og Gabriel Krossøy-Gullhaug klare for nasjonal finale i Kristiansand 12. april. Dei har med seg Jonatan Svenson og Frida Grindaker som støttespelarar under finalen på Kristiansand Katedralskole.

Kvifor vel faglærar å melde elevane på ILC?

Carolina O. Aanensen fortel at ho er privilegert med engasjerte elevar og ser år etter år at elevane i Valdres har hatt gode resultat. 

 - Elevane er opptatte av språk og er nysgjerrig på moglegheita av å studere i utlandet. Studentane er meir beviste på å kunne kommunisere på tvers av landegrenser, og det er definitivt ein stor styrke og viktig kunnskap, seier ho.

Tabellen under viser dei beste skulane i kvalifiseringsrunden:

Dette er dei beste skulane i kvalifiseringsrunden
PlasseringSpansk
1Kirkeparken vgs. (51,6)
2St. Olav vgs. (51,6)
3Valdres vgs. (51)
4Hans Nielsen Hauge vgs. (50,6)
5Elevebakken vgs. (50,4)
6Foss vgs. (50.2)
7Stavanger katedralskole (47,8)
8Mandal vgs. (48,8)
9Edvard Munch vgs (48,6)
10Bryne vgs. (48,4)
11Oslo katedralskole (47,8)
12Kristiansand katedralskole Gimle (47,4)