Erasmus+

I uke 43 har skulen besøk av 13 lærarar frå 6 ulike land.

Erasmus lærere ved bord - Klikk for stort bilete Valdres vidaregåande skule

13 lærarar frå 6 land

I perioden 21.–25. oktober har skulen besøk av 13 lærarar frå seks ulike land. 

Det er lærare frå Tyrkia, Italia, Spania, Kypros, Polen og Frankrike. Besøket er knytta til Erasmus+  

Koordinator for prosjektet

Noreg er koordinator for prosjektet "Language Leap: Elevating Foreign Language Proficiency with Thinking-Based Learning. 

Det er namnet på prosjektet og blir brukt som strategiar som inkluderer djupare tankegang for å styrke språkferdigheiter. 

Lærere på tømrerverksted - Klikk for stort bilete Valdres vidaregåande skule

Dette kan omfatte metodar som:

  • Metakognitiv læring: 
    Elevar blir oppmoda til å reflektere over korleis dei lærer best og bruker desse innsiktene til å betre dei språklege ferdigheitene sine.
  • Kritisk tenking: 
    Bruk av analyse og refleksjon i læringsprosessen for å forstå og bruke språklege konsept meir effektivt.
  • Problemløysing: 
    Bruk av språk i komplekse, verkelege situasjonar kan hjelpe elevane å utvikle djupare språkforståing.

Kort sagt, handker det om å bruke tenking og kognitive prosessar for å løfte ferdigheitsnivået i framandspråk.

Framandspråkelevar er vertar

Framandspråkselevar har teke utfordringa, og er motiverte for å være verter for denne gjengen. 

Vi ser fram til ei uke med verdifull læring, interessante samtalar og nye erfaringar.