Invitasjon til Open skoleValdres vidaregåande skule inviterer til open skuleOpen skuleValdres vidaregåande skule inviterer til Open skule og ønskjer elevar og føresette fra Dokka og Land regionen, hjartelegValdres vidaregåande skule Reed Foto velkommen. Målet vårt med kvelden er å informere om dei utdanningsprogramma som skulen tilbyr og gjere elevar og føresette kjent med skulen. Du kan besøkje dei utdanningsprogramma som du er interessert i. Ute på avdelingane møter du elevar og tilsette, som kan svare på spørsmål og gi deg den informasjonen du treng.Utdanningsprogramma vi tilbyr: Bygg- og anleggsteknikk Elektro og datateknologi Helse- og oppvekstfag IdrettsfagRestaurant- og matfagStudiespesialiseringTeknologi- og industrifagPåbygging til generell studiekompetanse Påmelding til Open skule gjer du ved å sende ein e-post til rådgivar Anne Britt S. Bolstadbråten. Frist er måndag 20. januar. Skriv namn og kor mange som kjem, og kva utdanningsprogram du ønskjer å besøkje.Det vil òg bli moglegheit for utprøving på skulen fredag 24. januar. Påmelding til utprøving gjer du til rådgivar på den skulen du går på.Vi gler oss til å møte deg og vise fram skulen vår!Velkommen!Med vennleg helsingKari E. Rustad, rektor Sist endra 15.01.2025 13.16