Noregsmeistrar i elektrikarfaget for Vg2

Kris Andrè og Jon Magnus gjekk heilt til topps og vart kåra til noregssmeistrar i elektrikerfaget for Vg2.

Kick off med festmiddag

NM i elektrikarfaget for Vg2 blei avvikla på Raufoss videregående skole onsdag 9. og torsdag 10. april.  Onsdag var det Kick off med festmiddag. Middagen blei laga av elevar på Vg2 kokk servitørfag på Raufoss videregående skole som også skulle til NM med den retten. maten og spesielt desserten var ifølgje informantane heilt ekstra ordinær.  

Kris Andè og Jon Magnus med gullmedaljene og pokal - Klikk for stort bileteKris Andrè og Jon Magnus med gullmedaljene og pokal Valdres vidaregåande skule

Torsdag var konkurransedag

Torsdag var det konkurransedag med oppstart 08:30. Elevane hadde fem timar på seg til å fullføre arbeidsoppgava og presis klokka 14:00 skulle dei vere ferdige. Og då klokka slo 14:00 var det berre elevane frå Valdres som var ferdig med alt dei skulle gjere. Oppgåva var omfattande og bestod i å leggje varmekabel med termostat, utelys med trådlaus brytarstilling, innandørs lys med brytar og to stikkontaktar, og oppgåva var ei blanding av ope og skjult anlegg, og datanettverk.

Godt førebudd

Tida i forkant av konkurransa hadde elevane brukt til grundig førebuing.  Elevane meinte at det var mykje av grunnen til at det gjekk så bra.  Dei hadde fått oppgåva i forkant, men det viste seg på konkurranedagen at det var gjort nokre endringar. Men endringane lét ikkje til å påverke elevane våre i særleg grad. Domarane følgde elevane nøye i arbeidet gjennom heile dagen og dei var mektig imonert over det elevane fekk til. 

Feira med kake

Tilbake på skulen blei elevane feira med marsipankake og brus av klassekameratar, lærarar, avdelingsleiar og rektor. Gratulantane sto i kø og det vanka mange lovord til dei to ferske norgesmeistarane. 

Vegen vidare

Begge elevane har fått lærekontraktar.  Jon Magnus fekk tilbod om lærekontrakt dagen etter konkurransen var ferdig. Kris Andrè har hatt sin klar ei stund allereie. Men før dei blir lærlingar skal det vere russetid, eksamen og skuleavslutning. No reknar vi med at eksamen berre blir ein parademars for desse to. 

Vi på skulen er veldig stolte av dykk og ønskjer dykk lykke til vidare som lærlingar og i livet.