Overgang fra skule til læreplass

Sander Bolstadbråten er lærling som bilmekaniker, tunge kjøretøy, hos Valdres Lastebilservice AS.

Overgang frå skule til læreplass

For akkurat eit år sidan var det russefeiring, eksamen og avslutning av 12 års skulegong som stod på programmet for Sander. Mykje har hendt sidan då. Overgang frå skule til læreplass og deltaking i Yrkes-NM har gjort året spennande og lærerikt. Og ifølgje han sjølv vart lærekurva bratt og intens.

Sander Bolstadbråten - Klikk for stort bileteSander Bolstadbråten Valdres vidaregåande skule

Sander tek seg ei pause i arbeidet som bilmekaniker,  tunge kjøretøy, på Valdres Lastebilservice AS, for ein prat med underteikna.

Sander starta på Vg1 teknologi og industrifag på Valdres vidaregåande skule hausten 2021. Han gjekk vidare på Vg2 arbeidsmaskiner før han vart lærling som bilmekanikar, tunge køyretøy, våren 2023.

For Sander gjekk overgangen frå skule til læreplass veldig fint. Han var godt kjend med arbeidsplassen etter at han har vore i Valdres Lastebilservice AS gjennom faget yrkesfagleg fordjuping (YFF) gjennom delar av Vg1 og gjennom heile Vg2.

Starta med snøfresarar på Gjøvik

På Vg1 starta han faget yrkesfagleg fordjupning utanfor Valdres, for han fekk plass på Øveraasen AS på Gjøvik kor han dreiv med reparasjon av snøfresarar.

Etter eit snautt halvt år bytte han plass til Valdres Lastebilservice AS på Kalplassen ved Leira, og det har verken han eller arbeidsgjevar angra på.

Læreplass hjå Valdres Lastebilservice AS

Her fann han seg godt til rette og vart teken godt imot av dei tilsette. Det tok ikkje lang tid før Sander byrja å tenkje at dette var ein potensiell læreplass for han. Interessa for lastebilar hadde han, og arbeidet viste seg å vere både spennande og variert. I løpet av våren 2023 vart læreplassen ein realitet.

Sander bemerkar at dei reparerer fleire ulike merker av lastebilar. Dette er med på å gjere arbeide særs interessant ,og det gjer god variasjon i arbeidet. Han legg til at han gjerne skulle hatt ein dreiebenk på arbeidsplassen. På Vg1 lærte han å dreie, og det hadde vore kjekt og kunne reparere eller lage delar til lastebilane om det skulle vere naudsynt.

Yrkes-NM

Etter å ha vore lærling nokre månader, vart han spurd av Opplæringskontoret for Bil- og Transportfag i Vestoppland om å vere deltakar i Yrkes-NM for tunge køyretøy. Sander tok utfordringa og takka ja, og i april vart konkurransa halden i Stavanger. 

Før konkurransa måtte han bruke mykje tid til førebuing, og med hjelp frå Opplæringskontoret, Valdres Lastebilservice og “Gammern” (far red. anm.) vart han klar for deltaking. Sander hadde då vore lærling i åtte månader, og i konkurransa møtte han deltakarar som var andreårslærlingar og deltakarar som allereie hadde fagbrev. 

Sander gjorde ein særs god figur i konkurransa, og så godt likte han kokurranseforma at han gjerne deltek neste gong Yrkes-NM blir arrangert også.

Les meir om Yrkes-NM

Skulekonkurranse

Sander er positiv til at elevar i vidaregåande skule kan delta i tilsvarande skulekonkurransar. Han meiner at dette kan vere motiverande og er med på å gje elavane ei ekstra utfordring. 

Det å lære seg å meistre stressande situasjonar er viktig. Det er òg viktig at elevane lærer seg å ha god orden på delar og verktøy når dei arbeidar.

Skotsk høglandsfe

Eg er nysgjerrig på kva Sander skal gjere i sommar. Han fortel at han skal ha litt ferie, men det blir for det meste jobbing på Valdres Lastebilservice. Han fortel òg at han eig og har ansvar for sju skotske høglandsfe heime på garden i Hoverudbygda. Tre av dei skal kalve i sommar, så det blir artig. 

Eit innhaldsrikt og spennande år er gått sidan Sander var ferdig på Valdres vidaregåande skule. Om eitt år står nye utfordingar og ventar, for då skal han opp til fagprøva.