Spennande oppdrag for Maria

Maria N. Svensson, 2STA, var programleiar for ein «skuletime» med utanriksminister Anniken Huitfeldt og statsforvaltar i Innlandet Knut Storberget.

Større forståing for politikk og offentleg forvaltningMaria Svensson som programleiar - Klikk for stort bileteMaria Svensson som programleiar Lisbeth B. Huse, Statsforvalteren i Innlandet

I samband med kronprinsparet sine 50-årsdagar gir Statsforvaltaren i Innlandet ein undervisningstime som kan brukast i 10.-klasse og på vidaregåande skule. Timen skal vere tilgjengeleg i slutten av oktober. Formålet med undervisningstimen er å skape større forståing for politikk og offentleg forvaltning. I tillegg til utanriksministreren og statsforvaltaren i Innlandet, deltok ungdommar som sit i statsforvaltarens ungdomspanel og beredskapsrådet for barn og unge.

Maria, som går Vg2 på studiespesialisering, fekk den ærefulle oppgåva å leie undervisningstimen. Ho fortel at dei starta førebuingane kl 9, medan sjølve innspelinga starta kl 15, då utanriksministeren og statsforvaltaren kom. Men jobben for Maria starta alt for fleire veker sidan, blant anna med å setje seg inn i sakene og bli trena i programleiarrollen.

Beredskap

Tema for undervisningstimen var beredskap. -Undervisningstimen er delt i tre, fortel Maria. -Vi startar med å snakke om at vi lever i ei meir usikker verd. Deretter snakkar vi om «fake news» og kva vi kan gjere for vere kritiske til det vi les. Og så avsluttar timen med å snakke om kva den enkelte kan gjere for å styrke sin eigen beredskap.

Ungdom har mykje å seie

På spørsmål om kva ho sit igjen med etter denne opplevinga, svarer Maria: - Eg opplever at ungdom har mykje å seie. Vi blir lytta til og tatt på alvor av statsforvaltaren. Eg lærte også mykje om beredskap. Og medieerfaringa gav meirsmak!

Svært nøgd

Statsforvaltaren er svært nøgd med Maria sin innsats. I eit intervju med avisa Valdres seier han: – Eg var så imponert at eg nesten vart rørt når eg såg korleis ho handterte rolla. Å skulle leie ei tv-sending med profesjonelle folk, det krev sitt. Ho gjorde det så stilig – det er eit bevis på kva som bur i dagens unge. Valdrisen Maria var heilt super. Ho leverte til det fulle – ho får vi høyre meir frå, avslutta Storberget.

Undervisningstimen er ferdig klypt i slutten av oktober.