Verdensdagen for psykisk helse

Elevar og lærlingar vart onsdag 4. oktober invitert av Leve Oppland, Unge Leve, Åwesome Events og Adil Khan med på foredrag med tematikk innanfor psykisk helse.

Kritikarrost skikkelse i kulturbransjenForedrag med Adil Kahn - Klikk for stort bileteForedrag med Adil Khan

Adil Khan er for mange kjende som vinnar av den første sesongen av ‘So You Think You Can Dance' på TV Norge, dommar i “Norske Talenter” på TV2 og programleiar for ‘Adils Hemmelige Dansere' på NRK. Han har stått på dei største teaterscenene i Noreg og har fått ei rekke pris-nominasjonar for roller i TV, film og teater. Talentet og formidlingsevna hans har gjort han til ein kritikarrost skikkelse i kulturbransjen. Hans siste prosjekt på skjermen var ‘Adils Hemmelige Dansere' på NRK. Begge sesongar vart nominerte til Gullruten og siste sesong enda opp i Gullrekka. 

Forventnings- og prestasjonskultur

Foredraget “Motstand = Styrke” har vorte omtalt som oppvekkande, usminka, brutalt, samfunnskritisk og ærleg. Adil snakkar om korleis kvar enkelt av oss kan få kontakt med sinnet vårt og den indre dialogen, som ofte kan jobbe imot oss. Dagens samfunn består av ein sterk forventnings- og prestasjonskultur der det heile tida er eit stort jag etter suksess og stadfesting. Adils imponerande CV har gitt store inntrykk av denne suksessen, men den indre tomleiken Adil kjende heile livet er det han set ord på i dag. 

Eit språk på vanskelege tankar og kjensler 

Foredraget skildrar ein oppvekst med mobbing, rasisme, utanforskap, truslar, vald, sosial angst og ekstreme forventningar frå både foreldre, skule og miljø. 
Adil har ei fantastisk evne til å ufarleggjere tabubelagde tema og stigma rundt psykisk helse slik at de ungdommar får eit språk på vanskelege tankar og kjensler. På denne måten vil de kunne få nok mot til å snakke med sine næraste og fagpersonar om den mørke motstanden de møter i kvardagen.