Volleyballmeisterskap

Elevar deltok på volleyballmeisterkap på Skreia.

Tre lag - 22 elevar

Alle spelarane samla - Klikk for stort bileteAlle spelarane samla

Onsdag 22. november 2023 deltok elevar fra Valdres vidaregåande skule på skulemeisterskap i volleyball for vidaregåande skular på Skreia. 

Vi drog med 22 elevar frå ulike årstrinn og linjer, fordelt på tre lag. Gjennom dagen viste dei godt samhold og gode ferdigheiter.

Høgt nivå

Nivået var bra på meisterskapen. Mixlagene fekk brukt ferdigheiter dei har øvd på og viste godt samhald, men møtte litt for sterk motstand og vann ingen kampar. 

Spelarglede - Klikk for stort bileteSpelarglede Valdres vidaregåande skule

Herrelaget tapte dei to første kampane sine, men sanka mange poeng i desse kampane. 

Dei to siste kampane lykkast gutane med godt samspel, sterkt forsvar og sterke angrep, og dei vann mot Raufoss og Gjøvik. 

Tok ein 3. plass

Samanlagt enda Valdres vgs herrelag på 3. plass. 

Elevane fekk ein opplevingsrik dag, det betyr mykje for dei å få testa ferdigheitene sine i ein ordentleg skulemeisterskap.