Ungdataundersøkinga 2024 i Valdres

Onsdag 28. august presenterte KORUS Øst resultata frå Ungdataundersøkinga for føresette, elevar, gjester og ansette ved Valdres vidaregåande skule 

Å vere ungdom i Valdres

Onsdag 28. august arrangerte Valdres vidaregåande skule temamøte – Å vere ungdom i Valdres, med presentasjon av reultata frå Ungdata undersøkinga. Kvelden starta med fellesmøte i gymsalen for føresette elevar, tilsette og representantar frå

Rødt murbygg med skilt med "Valdres Videregående skole" med tre foran.  - Klikk for stort bileteValdres VGS Innlandet fylkeskommune/Karen Nybakk-Ingebrigtsen

 administrasjon/ skule/ helse frå alle Valdreskommunene.  Resultata som vart presenterte var frå Valdres vidaregåande skule og frå kommunane i Valdres regionen. Tala vart presenterte av Runar Eikenes og Jørn Danielsberg frå KORUS Øst. Presentasjonen dei brukte finn du i sin heilskap ved å trykke på lenka under. 

Her finn du presentasjonen (PDF, 2 MB)


Politiet

Kristoffer Magnus Tessem frå Politiet snakka om ungdomsmiljø i Valdres sett frå politiets side.


Elev og lærlingeombud

Elev og lærlingeombud i Innlandet fylkeskommune Eirin H. Førsund Feiring bidrog med foredraget – Gode skulemiljø og rolla til foreldra. 


Klassevis møter

Etter fellesmøte var det klassevis møter i klasseromma. Desse møta var det kontaktlærarane som leidde. Tema var vidare samtale og drøfting frå temamøte.

Om Ungdata

Intensjonen med Ungdata er å kartlegge korleis ungdom har det og kva dei driv med i fritida si. Undersøkinga omfattar tema knytt til familie, vennskap, skule, lokalmiljø, helse, mobbing, regelbrot og deltaking i fritidsaktivitetar. Ved å spørje ungdom direkte om desse tema kan Ungdata gi ei oversikt over kor mange som til dømes trivst i lokalmiljøet sitt eller som driv med idrett.