Oppmøte
Illustrasjon skolestart
Mostphotos
Kl. 08:00:
- Alle elevar møter i kroppsøvingssalen til felles oppstart klokka 08:00.
- Etter felles oppstart følger klassane sin kontaktlærar til klassevis oppstart.
Transport
Bussane går som normalt. Heimreise klokka 15:15.
Elev-PC
Alle elevar i videragåande skule må ha ei bærbar datamaskin til bruk i skulearbeidet.
Vg2- og Vg3-elevar må ta med seg eigen PC til første skuledag.
Som Vg1-elev treng du ikkje å foreta deg noko før skulen starter, men rett etter skulestart må du velge om du vil ha elev-PC gjennom fylkeskommunen eller bruke ei privat datamaskin.
Les meir om PC-ordninga
Aktivere brukerkonto i Innlandet
For å kunne bruke våre digitale verktøy og tenester, må du ha ein Innlandet-brukerkonto.
Les korleis du aktiverer Innlandet-brukar
InSchool
InSchool brukast som skoleadministrativt system på alle vidaregåande skuler i Innlandet fylkeskommune. InSchool vil vere ein del av skulekvardagen din.
Her finn du viktig informasjon som timeplan, fråvær, merknadar og karakterar.
Les meir om InSchool og sjå introduksjonsvideo
Gratis læremiddel
Fylkeskommunen har ansvar for at alle elevar får låne nødvendige trykte og digitale læremiddel.
Du får låne dei lærebøkene du treng i forbindelse med opplæringa. Bøkene blir utleverte ved skulestart og skal leverast tilbake før skuleslutt. Du skal behandle bøkene fint, og må erstatte bøker som blir borte eller øydelagde.
Les reglementet for utlån av lærebøker
Lån og stipend
Alle elevar i vidaregåande skule kan søke lån og stipend i Statens lånekasse for utdanning. Hugs å søke om utstyrsstipend innan fristen 15. november.
Les meir om lån og stipend
Skuleskyss
Alle elevar i vidaregåande skule som treng skuleskyss til og frå skulen må søke om det kvart år. Du har krav på gratis skuleskyss om du bor meir enn 6 km frå skulen.
Du må søke sjølv via «MinSkyss» som er ei nettbasert løysing. Det er viktig at du følger med på statusen for søknaden din.
Les meir om skuleskyss i vidaregåande skule
Skulebevis
Skulen bruker digitalt skolebevis. Du får tilgang til skulebeviset i Min InSchool-appen. Du får meir informasjon i løpet av den første skuleveka.
Les meir om skolebevis
Skuleferiar og fridager
Her ser du skuleruta for kommande skuleår
Reglement og rutiner
Lurer du på noko om fråvær, ordensreglementet, skulemiljø eller kva for rettar og plikter du har som elev i vidaregående skule?
Les reglement og rutinar som gjeld for deg som elev
Hjelp og rådgiving
Treng du nokon å snakke med om utfordringar i skulekvardagen? Skulen har fleire typar rådgivarar som kan hjelpe deg.
Les meir om rådgivartenesta ved skulen
Parkering
Skulen har parkeringsplassar og ladestasjonar.
Les meir om parkering ved skulen
Personvern
For å kunne kommunisere med føresette blir det innhenta informasjon om føresette frå Folkeregisteret.
Les meir om korleis Innlandet fylkeskommune behandler personopplysningar
Rektors helsing
Rektor Kari Elisabeth Rustad ønsker deg velkommen til Valdres vidaregåande skule!
Les rektor si helsing
Vi ønsker alle nye og tidligare elevar velkommen til skulestart!
Mostphotos